Innlegg fra Magne Rønning om Namsosbanen

Håvard Sunde ønsker ei avklaring av Namsosbanen si rolle for ei nedlegging. Det er tydeleg
at både i Overhalla og Namsos finst det krefter som ønsker å legge ned Namsosbanen.
Imidlertid har Stortinget sagt at ingen fleire jernbanestrekningar skal leggast ned. Kvifor er det da krefter som har det så travelt med å få lagt ned banen likevel. Det siste godstoget gjekk til Namsos i 1999. Det var p.g.a. at NSB la ned vognlastframføringa. Dei skulle berre drive med kontainertransport Til Skogmo gjekk det togtransport lengre med korn til kornsiloen. Dei siste passasjerane som kom med tog til Namsos var som kjent kongen og dronninga i sitt siste offisielle besøk i Namsos. Dette var den siste gest til at banen ikkje burde leggast ned.

Sunde har vel det til felles med nokre overhallingar at dei ikkje tenker serleg langsiktig. For det første så er vel ikkje Namsos serleg aktuell ved utskiping av verken koppar, nikkel eller andre mineral som aplitt dersom banen skulle ha blitt lagt ned no. Da er Mosjøen og Verdal alternativet. Orførar Morten Stene skifta som kjent standpunkt til ei nedlegging av banen da han vart klar over at lastebiltransport ville bl i 3 gonger så kostbar som jernbanetransport. I Ole Jørgen Mørkved sine utrekningar vedr. transport av aplitt til Namsos vart jo dette poengtert. Det er jo slik at jernbane har sin store fordel når det gjeld store volum.

Sunde har jo også hengt seg opp i det dyraste investeringsalternativet. Men det billegaste kan vere like aktuelt, som er utan skifte av skinner, fordi farten ikkje er serleg høg. Likeeins er det når det gjeld bruene som vil kunne bli ei begrensing når det gjeld å legge inn 50-60 kg skinner per løpemeter. Ein får da ikkje fullt utnytta akseltrykket p.g.a. styrken på bruene. Likevel vil bane bli det langt billegaste for slik massetransport. Det er som kjent funne både koppar og nikkel i området rundt Møkkelvatnet. Likeeins er det mykje verdifulle mineral som er pumpa ut i Huddingsvatnet, som det er berre å pumpe opp og ta i bruk. Malmleitinga som har foregått i sommar er svært viktig for kva som vil skje . Ein samtale med ein av dei tyske ingeniørane fortel kva som er i emning. Det er kanskje dette Sunde prøver å kome i forkjøpet. Hans firma bør i staden satse på å få oppdrag i tilknytning til ein komande ny mineralutvinning. Vi forstår jo at Sunde kan vere redd for å tape transporten til Nexans om Namsosbanen skulle bli oppgradert. Nexans ligg jo også ganske langt i frå der leveransane skjer til, så det er jo derfor også dei er positive til at det kan skje ei re-opning av banen.

Den teknologiske utviklinga går som kjent vidare og ressursane må etter kvart utnyttast betre i ei verd, som går mot at vi blir eit par milliardar fleire menneske. Eg hadde visse idear rundt avfallsproblematikken for 30 år sidan ved etableringa av MNA. Dette slo jo til for fullt. I dag er det jo dette Sunde Transport lever av. Han bør ikkje bli så konsentrert sin om eigen velstand at han ikkje ser den framtidige utviklinga. Vi ser at 40 års etterslep i jernbanesektoren har øydelagt store deler av jernbanenettet. Men vi står no overfor den største satsinga på jernbane på lenge med regjeringa si lyntogsutgreiing. Det er ikkje dermed sagt at den vil bli realisert, men eit sterkt oppgradert jernbanenett vil vi likevel ha om 20 år . Også den nye bilparken vil bli elektrisk, som vi no ser er i emning, vil endre mykje av dagens infrastruktur.
Allerede ser vi at vegplanleggarane med alle rundkjøringane sine , ikkje bryr seg så mykje om ei trailernæring som no ser ut til å hamne i Baltikum og slike lågprisland. Uansett er den komande bilparken basert på hybriddrift eller heilelektrisk. Det er ikkje like lett å utvikle ein slik versjon for lastebil og større kjørety. Så utviklinga mot ein ny personbilpark vil styrke dei strukturane som gjer at godstransport i større grad vil måtte over på bane.
Den elektriske bilen treng som kjent enda meire koppar til å vikle elektriske motorar for, så slik sett ser ein nok ei utvikling som vil styrke kvarandre. Det finst litt for mange som enten er negativ til aktivitet og utvikling i Namdalen. Eller dei har som mål at Indre Namdalen skal bli nærmast folketom. Dei har oftast ei slags «skjebnetru» om at på Namsosbanen kjem det ikkje til å bli meire trafikk. Også den svenske innlandsbanen var temmeleg attgrodd ei tid, men i dag går det som kjent store tømmertransportar der og ei og anna motorvogn med person transport. Jernbanetransport ser ut til å ha mange som motarbeider ein slik transportform. Men teknologiske utviklinga går som kjent vidare og det er som kjent fleire ekstra miliardar menneske som skal ha ressursar og arbeid som gjer at dagens måte å sjå dette på vil bli definert som namdalsk «gammelmannssyn». Når dette i tillegg kan bli seld som klima-messig og ei bærekraftig form for utvikling ved at personbilparken blir nær utsleppsfri, følger nok også dette sin eigen dynamikk.

Av Magne Rønning

Vist 140 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Exclamation_desat_24

Namsos banen bør oppgraderes og settes igang – en en annen sak er at nedleggelsen av stasjoner på nordlandsbanen er hva vi trygt kan kalle “høl-i-hue” politikk – hvorfor skal alt gå på en elendig E6 når vi har et NSB…? At jernbanen ikke har råd til å bruke sitt eget nett sier vel noe om en feilslått prispolitikk – i stedet for å konkurere legger man ned, det er vist tryggest når de kloke hoder ikke makter å løse de mange flokene de selv har stelt i stand.